10.februar vart Vegard døypt i Vikøy kyrkje. Det var ein flott dag! Festen feira me i Øystese bedehus. Familie frå sør og vest kom. Fadrane til Vegard var onkel Odd Arild, onkel Bjørnar, Hans og Mirjam.
No er Vegard 5 veker og to dagar og både mamma, pappa og Vegard byrjar å bli vane med livet ilag. Dagane for Vegard går for det meste ut på soving, smiling, bæsjing, mating, fising og raping.
Her er Vegard i bryllup til tante Solveig og onkel Bjørnar.