10.februar vart Vegard døypt i Vikøy kyrkje. Det var ein flott dag! Festen feira me i Øystese bedehus. Familie frå sør og vest kom. Fadrane til Vegard var onkel Odd Arild, onkel Bjørnar, Hans og Mirjam.
No er Vegard 5 veker og to dagar og både mamma, pappa og Vegard byrjar å bli vane med livet ilag. Dagane for Vegard går for det meste ut på soving, smiling, bæsjing, mating, fising og raping.
Her er Vegard i bryllup til tante Solveig og onkel Bjørnar.
mandag 31. desember 2007
Hei! Velkomen til den nye nettstaden vår. Her vil det (forhåpentlegvis) koma oppdateringar etter kvart. Vil berre få ynskje alle kjente eit riktig godt nytt år!!! Her ser de godguten vår. Vegard blei fødd 6. desember 2007 på Voss Sjukehus.